søndag 7. juli 2024

PROMISES - LOVNADAR

 

Eg likar dårleg ordet promise, å love. Lovnadar vert som oftast ikkje heldne.

Kvifor? Fordi ting skjer - heile tida. Ting som ein ikkje  forventa, men også fordi ein rett og slett ikkje tek ein lovnad på alvor.  

Berre eit ord - der og då. Derfor seier eg til vedkomande: nei ikkje lov noko, eg vil ikkje ha din lovnad, ein veit aldri kva som kan skje. Eg vil ikkje bli skuffa. 

Sjølvsagt går det an å ta kontakt å forklare kvifor ein ikkje  kan halde lovnaden. 

Men det vert ofte ikkje gjort, iallfall ikkje på førehand. Og eg vil ikkje tenke om deg at du kanskje ga blanke i lovnaden du gav meg.  Soleis slepp både eg og kanskje også du, å ergre oss. So slutt å love.

Υπόσχεση/iposkesi = lovnad

lørdag 29. juni 2024

NETTKONTAKT

 Fleire har heldigvis fått med seg at eg måtte skifte Fb-profil. Eg vart hacka. Vener tok til å få meldingar frå "meg" som eg aldri hadde skrive. Dei oppfatta raskt at det ikkje var meg, m.a. fordi eg aldri skriv bokmål. Eg skriv ALLTID nynorsk. Eg brukar no min greske identitet som ikkje alle kjenner til her. Heldigvis har det lukkast meg å "hanke innatt" fleire av mine gamle FB-vener. Noko godt har komt utav det likevel. FB-vener som berre hang på for å fylgje meg, men aldri kommenterte eller posta ei setning sjølve, har ramla av. Må tilstå at eg har lite sans for slike. Oppfattar Fb som ein sosial arena, med utveksling av idear og meiningar. Nokre av mine aller nærmaste vener er ikkje på FB. Vi har likevel framifrå kontakt på andre kanalar som Skype, WhatsApp, Messenger m.fl. Å ikkje ha nettkontakt no for tida, er mest utenkjeleg. Det gjeld også alle offentlege instansar.  Ei utvikling som er både negativ og positivt lettvint. 

Men kva når nettet sviktar?

Utruleg sårbart dette. Eller finnst der ein plan B? Må vi attende til røyksignal for å kommunisere over avstandar? 




Διαδικτυακή επαφή/diadiktiaki epafi = 
nettkontakt

fredag 14. juni 2024

SVINDLARENS ABC

Fyrst leitar du på Facebook, Skype og alle sosiale medier etter eit passande offer. 
Helst ei vaksen, einsleg dame. Desse er ofte formuande og kjærleikssøkande. Du ber om vennskap fordi du har lagt merke til henne spesielt, utifrå bildet. Ho ser intelligent ut, snill og ikkje minst vakker. Har ei særskilt utstråling. Ho godtek forespørselen, og so er de igong. Du pøser på med smiger og fortel nokre truverdige løgner om deg sjølv. Du har eit solid yrke som du har streva deg fram til åleine, fordi du blei tidleg foreldrelaus. Du er enten, lege, advokat eller har ei sjefsstilling i eit større firma. Du er diverre enkemann. Kona di omkom i ei stygg ulukke eller ho dauda av ein alvorleg, ulækjande sjukdom. Du har ein son på 13 - 15 år. Han går på internatskule medan du må jobbe langt ifrå heimlandet for å brødfø dykk begge. Du gir tilmed adressa og eit bilde av guten, slik at ho kan korrespondere med den morlause, om ho ynskjer det. Du får full sympati. Du skriv at du forsovidt har lagt alt dette vonde bak deg og at livet må gå vidare. Du ynskjer ei god kvinne i livet ditt, som også vil godta sonen din.
Korrespondansen mellom deg og kvinna utviklar seg. Den vert varmare og går over i forelsking frå hennar side, og du jattar med, og er like forelska. Ja de tek tilmed til å diskutere framtida ilag.  Ho vil ha videochat, men det er sjølvsagt umogeleg og ulovleg der du jobbar. Ho godtek det under tvil. Men no vert ho krevjande og vil treffe deg og meinar det er på tide med eit fysisk møte. Du forklarar med stort tolmod at du kan ikkje forlate jobben før kontrakta er over, og du må antaglegvis vere lenger for du har gjort ein feil som du må rette opp att ved å vere enno ei stund. Du har tenkt for mykje på henne og vore uvøren i jobben. Men ho kan få chatte med sjefen, som sjølvsagt også er du, men med eit anna namn. Ho vil det, og ber høfleg og inntrengjande om at partnaren hennar må få fri eitpar veker, so dei kan planlegge framtida facetoface. Sjefen er av den forståingsfulle typen og seier han skjønar absolutt det. Han vil gi deg fri eitpar veker mot ein viss sum, fordi denne uerstattelege mannen vil vere eit tap for firmaet den tida han er borte. Ho maktar ikkje innfri kravet. Du gidd ikkje meir, sjølvsagt, forsvinn stille og roleg, blokkerar  og går vidare til neste offer. At kvinna set at med "blødande" kjærleikssorg gir du blanke i. Dette er "jobben" din og pengar må du ha som alle andre. Teite kvinnfolk er det nok av rundtomkring, og det er ikkje din feil. Du har familie i Afrika, eller du har tilvendt deg ein høgtståande livsstil. Dette er ein forholdsvis enkel jobb som er mogeleg å handtere lettvint med ordliste som hjelpemiddel, og du kan samstundes kose deg med kat eller eit anna himmelsk rusmiddel. Du er umogeleg å finne i den afrikanske jungelen. Dessutan har du ikkje gjort noko straffbart, anna enn at du har lånt andre sine bilder og profilar. Det strenge europeiske rettssystemet kan derfor vanskeleg straffe deg...

τιμωρειται/timorite = straffbart


søndag 19. mai 2024

BEGRENSA ØKONOMI

 

Dei fleste av oss har vel hatt dagar og stunder der alt tyktes svart. Ein del av livet det. Varer det for lenge kallast det depresjon. Vert det djup depresjon, blinkar faresignala og ein treng faghjelp, til økonomien for eksempel. Økonomien styrer so og seie alt og kan nettopp gi svarte dagar. Har ein ikkje pengar kjem ein ingen veg. Vel finnst der gratis  rådgjeving. NAV t.d., som sender ein vidare til nokon som vil og må ha pengar, for sine tenester. Dei lever av det. Lege, psykolog og spesialrådgjevarar. Vener? Jau gode og nære vener er livsviktige. Vener som lyttar, gir råd og hjelper på mange vis. Likevel kvier ein for å bruke dei. Vil helst klare seg sjølv og syner ei lukkeleg maske utad. Ein har då litt stoltheit. Eigentleg har pengar og rikdom aldri tiltrekt meg, men når naudsynte livsgoder aukar i pris, berre ikkje pensjon og trygd, kjem ein fort utav likevekt. Skaffe seg jobb i høg alder? Tjaaa kan vel ikkje akkurat velje å vrake lenger. Skrive? Ja det har eg gjort før og tjent på det også. Siste tida har det vore berre skuffeskriving. Dessutan begrensar det seg for ein sta nynorskskribent. Diverre. Nordmenn likar best danskbokmål. Ta og finn deg ein rik ein, er siste tips. Tja, jau ikkje heilt dumt det, av fleire grunnar. Ein tek til å lytte, kike, søkje i smug på diverse arenaer for einslege. Og mykje rart openberar seg. Men eg er brend, ja svidd, og svært kresen. Når eg so endeleg fattar intresse og får ein på «kroken» som passar til mine ynskjer, og, ja, faktisk har god økonomi, kjem åtvaringane: nei, nei, ikkje han der,  er du gal? Ein skikkelig luring, heilt sikkert. Pass deg! Hadde aldri satsa på eit forhold med han der, nei. So står eg der då, åleine att, tvilrådig og mistenksam. Kven skal eg lytte til og tru på? Sjangsar har eg teke før, og overlevd. Eg vel å fylgje magekjensla og ser korleis det utviklar seg...

 

Λεφτα/lefta = pengar

lørdag 6. april 2024

DØM IKKJE

 

Det er diverre lett å døme. Gjere seg opp ei meining om medmenneske, både dei ein kjenner og ikkje. Eg har kjendt på det siste tida, og det har såra meg voldsomt. Når eg er glad, har opplevd kjekke ting og møtt fine personar, vil eg gjerne dele med mine nærmaste. Dette må eg slutte med. Kvifor? Negative kommentarar møter meg.  – tru berre ikkje…våkn opp! ..ikkje innbill deg ..dette er løgn…forstår du ikkje?  Er det misunning, undrast eg i min enkle tankegong? Eller har det vorte slik at vi skal mistru alt og alle? Vi kan ikkje/skal ikkje stole på noko eller nokon, no tildags. Tenk om vi blir lurte? Og det må vi for all del unngå. Ta for all del ingen sjangse på noko ukjendt. Farlig, farlig det. Delvis rett.  ja, det har faktisk vorte slik, for mange, dermed går ein også glipp av det som er sannferdig. Diverre. Best å halde seg til gamle rutiner og folk vi kjenner og kan «stole på». Korleis bli kjendt med nye menneske og eventuelle ny gleder då?  Eg søkjer og utfordrar det meste som kjem i min veg. Sorterar, slettar og tek sjangsar, ja. Har igrunnen alltid gjort det. Slik har eg opplevd både positive og negative ting og personar. Mest positivt, med fantastiske opplevingar som eg aldri hadde hatt om eg ikkje hadde våga. Eg trur også at det er ei meining med alt og alle som dukkar opp i livet mitt. Og ingen andre enn eg kan velje kva/kven eg vil tru på.  Livserfaring, tenkjer eg.

Derfor vil eg ha meg fråbedt «gode råd» eg ikkje har bedt om…

Μη πιστευεις αυτα/mi pistevis afta = ikkje tru på det

søndag 3. mars 2024

UNDRING

 Kvifor har eg ein tendens til å lytte til og tru på negativ omtale meir enn positiv? Ei svakheit sikkert. Ved å oppsøke kjelda får ein som regel rett svar i uvissa.  Men kven gjer ikkje feilvurderinga i livet? Det er menneskeleg og kallast livsrøynsle. Eg har teke mange sjangsar, opplevd motgong, men også medgong. Eg kjem til å ta nye sjangsar, for eg vil ikkje ligge på dødsleiet og angre på sjangsane eg ikkje tok, som kunne ha gitt meg store opplevingar. No står eg overfor ein ny stor sjangse. Den er eg villig til å ta. Ja. Om det vert gevinst eller tap…ja det får vise seg. Åtvaringane har allereie strøymt inn. Eg fylgjer magekjensla. Den er ikkje alltid til å stole på, men ofte. Andre sine vurderingar og åtvarslar er greitt å ta med, men avgjersla må eg, og eg åleine ta. Ingen andre.  Ei eventuell feilvurdering vert også mitt ansvar, åleine …

-don't let side distractions take your joy away. Sosant!!

 
Aπορώ/aporo = undring

onsdag 31. januar 2024

EGIL VÅR


Ja kven skulle tru... men kva veit vi eigentleg? Ingenting. Likevel skulle vi oppleve dette å stå att i vantru og sjokk utan klare å fatte at du aldri kjem att. Du var so livsglad, rastlaus, nyfiken og ville oppleve mest mulig. Ingen kunne hindre deg i å slenge deg på eit fly og reise vekk. Du var deg sjølv, impulsiv og alltid klar for ei ny oppleving.  Somme vil nok kalle deg egoistisk. Men du var berre slik. Du var Egil, og vi var glade i deg og aksepterte deg som den du var, skjønt vi rista mang ein gong på haudet.  Du var likevel tilstades der du var om det var heime eller borte.

Brått var det slutt. I eit anna land, i ein annan by, langt heimanfrå, langt frå Kreta også, som du var so glad i. Dei kalla deg Agele, som betyr engel, og var lettare å uttale enn Egil. Venner fekk du overalt, gavmild, raus  og snakksalig som du var. Men var dei verkleg venner alle som hang rundt deg?  Berre kvar og ein kan tenkje over det no. 

For meg var du meir enn ein nevø, du var også ein ven. Vi hadde god kontakt og mange fine samtalar. Du vil bli sakna i veldig lang tid, Egil, ja for alltid. 

https://youtu.be/dJbKhQv2xQw?si=npufZ-k7qTbP6MmU 

Παναγιώτης Ψάλτης - Άγγελέ μου

Αγγελος/agelos = engel