fredag 14. juni 2024

SVINDLARENS ABC

Fyrst leitar du på Facebook, Skype og alle sosiale medier etter eit passande offer. 
Helst ei vaksen, einsleg dame. Desse er ofte formuande og kjærleikssøkande. Du ber om vennskap fordi du har lagt merke til henne spesielt, utifrå bildet. Ho ser intelligent ut, snill og ikkje minst vakker. Har ei særskilt utstråling. Ho godtek forespørselen, og so er de igong. Du pøser på med smiger og fortel nokre truverdige løgner om deg sjølv. Du har eit solid yrke som du har streva deg fram til åleine, fordi du blei tidleg foreldrelaus. Du er enten, lege, advokat eller har ei sjefsstilling i eit større firma. Du er diverre enkemann. Kona di omkom i ei stygg ulukke eller ho dauda av ein alvorleg, ulækjande sjukdom. Du har ein son på 13 - 15 år. Han går på internatskule medan du må jobbe langt ifrå heimlandet for å brødfø dykk begge. Du gir tilmed adressa og eit bilde av guten, slik at ho kan korrespondere med den morlause, om ho ynskjer det. Du får full sympati. Du skriv at du forsovidt har lagt alt dette vonde bak deg og at livet må gå vidare. Du ynskjer ei god kvinne i livet ditt, som også vil godta sonen din.
Korrespondansen mellom deg og kvinna utviklar seg. Den vert varmare og går over i forelsking frå hennar side, og du jattar med, og er like forelska. Ja de tek tilmed til å diskutere framtida ilag.  Ho vil ha videochat, men det er sjølvsagt umogeleg og ulovleg der du jobbar. Ho godtek det under tvil. Men no vert ho krevjande og vil treffe deg og meinar det er på tide med eit fysisk møte. Du forklarar med stort tolmod at du kan ikkje forlate jobben før kontrakta er over, og du må antaglegvis vere lenger for du har gjort ein feil som du må rette opp att ved å vere enno ei stund. Du har tenkt for mykje på henne og vore uvøren i jobben. Men ho kan få chatte med sjefen, som sjølvsagt også er du, men med eit anna namn. Ho vil det, og ber høfleg og inntrengjande om at partnaren hennar må få fri eitpar veker, so dei kan planlegge framtida facetoface. Sjefen er av den forståingsfulle typen og seier han skjønar absolutt det. Han vil gi deg fri eitpar veker mot ein viss sum, fordi denne uerstattelege mannen vil vere eit tap for firmaet den tida han er borte. Ho maktar ikkje innfri kravet. Du gidd ikkje meir, sjølvsagt, forsvinn stille og roleg, blokkerar  og går vidare til neste offer. At kvinna set at med "blødande" kjærleikssorg gir du blanke i. Dette er "jobben" din og pengar må du ha som alle andre. Teite kvinnfolk er det nok av rundtomkring, og det er ikkje din feil. Du har familie i Afrika, eller du har tilvendt deg ein høgtståande livsstil. Dette er ein forholdsvis enkel jobb som er mogeleg å handtere lettvint med ordliste som hjelpemiddel, og du kan samstundes kose deg med kat eller eit anna himmelsk rusmiddel. Du er umogeleg å finne i den afrikanske jungelen. Dessutan har du ikkje gjort noko straffbart, anna enn at du har lånt andre sine bilder og profilar. Det strenge europeiske rettssystemet kan derfor vanskeleg straffe deg...

τιμωρειται/timorite = straffbart


Ingen kommentarer: