Det har vore lite og inkje skrive siste månadane. Eg har hatt ei tøff tid, der hus og heim blei fråteke meg av ein slu banksjef i ein kjend bank. Eg har ikkje fått vite grunnen eingong.
Eg har alltid betalt avdraga på lånet mitt, men brått måtte eg betale inn heile huslånet mitt på 1,4 mill. på dagen. Det klarte eg sjølvsagt ikkje. Dermed tok dei huset mitt. Barndomsheimen min som har vore mitt faste haldepunkt heile livet. Huset som far min bygde so og seie med eigne hender til familien sin. Men eg gir ikkje opp. Eg har planar og bekjente som vil hjelpe meg. Eg skal sloss. Og denne banken skal iallfall ikkje få anbefalingar frå meg, snarare tvert imot. Det er ikkje som i gamle dagar då ein banksjef møtte kunden og fann ei løysing til beste for begge partar. Her er det kun pengemakta som rår, diverre. Men vent å sjå...siste ordet er ikkje sagt og eg let meg ikkje knekke, sjølv om det var nære på denne gongen.


