Dei fleste
av oss har vel hatt dagar og stunder der alt tyktes svart. Ein del av livet det.
Varer det for lenge kallast det depresjon. Vert det djup depresjon, blinkar
faresignala og ein treng faghjelp, til økonomien for eksempel. Økonomien
styrer so og seie alt og kan nettopp gi svarte dagar. Har ein ikkje pengar kjem
ein ingen veg. Vel finnst der gratis
rådgjeving. NAV t.d., som sender ein vidare til nokon som vil og må ha pengar, for sine tenester. Dei lever av det. Lege, psykolog og spesialrådgjevarar. Vener?
Jau gode og nære vener er livsviktige. Vener som lyttar, gir råd og hjelper på
mange vis. Likevel kvier ein for å bruke dei. Vil helst klare seg sjølv og
syner ei lukkeleg maske utad. Ein har då litt stoltheit. Eigentleg har pengar
og rikdom aldri tiltrekt meg, men når naudsynte livsgoder aukar i pris, berre
ikkje pensjon og trygd, kjem ein fort utav likevekt. Skaffe seg jobb i høg
alder? Tjaaa kan vel ikkje akkurat velje å vrake lenger. Skrive? Ja det har eg
gjort før og tjent på det også. Siste tida har det vore berre skuffeskriving.
Dessutan begrensar det seg for ein sta nynorskskribent. Diverre. Nordmenn likar
best danskbokmål. Ta og finn deg ein rik ein, er siste tips. Tja, jau ikkje
heilt dumt det, av fleire grunnar. Ein tek til å lytte, kike, søkje i smug på
diverse arenaer for einslege. Og mykje rart openberar seg. Men eg er brend, ja svidd, og svært kresen. Når eg so endeleg fattar intresse og får ein
på «kroken» som passar til mine ynskjer, og, ja, faktisk har god økonomi, kjem åtvaringane:
nei, nei, ikkje han der, er du gal? Ein skikkelig
luring, heilt sikkert. Pass deg! Hadde aldri satsa på eit forhold med han der, nei. So
står eg der då, åleine att, tvilrådig og mistenksam. Kven skal eg lytte til og tru på? Sjangsar har eg teke før, og overlevd. Eg
vel å fylgje magekjensla og ser korleis det utviklar seg...
Λεφτα/lefta = pengar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar