Året 2022 ebbar ut og har bydd på både sorger og gleder. Mest som venta.
Av gledesopplevingar har eg troffe mange nye flotte menneske, høyrt på utrulege livshistorier, hatt eitpar sydenturar til Kreta og Kypros, og ikkje minst fått eit nytt lite velskapt barnebarn, Leonidas, som kom til oss 6. mai, og dermed blei Aggelos storebror før han fylte 3 år.
Sommaren var
heller grå og kjøleg. Hausten hadde nokre fine dagar, men gjekk over i ein
iskald vinter. 9.september miste eg min einaste bror etter eit langt og vondt
sjukeleie. 18. oktober forlet pusekatten min, Lyserauden, denne verda. Han har
vore ein trufast og kosete ven i meir enn 12 år, og er utruleg sakna. 28. november var det eitt år sidan mi kjære
barndomsveninne reiste frå oss. Enno
skjønar eg ikkje at eg aldri skal sjå
deg att, Marit. Eit litt rart år. Menneske som kom inn i livet mitt for å bli,
trudde eg, gjorde ikkje det. Andre nye kom inn i staden. Slik tidevatnet skiftar
gjer også menneska i livet. Dei kjem og går, men somme set spor etter seg som
seint eller aldri vert sletta.
Ei vandring
på kirkegarden der eg tender lys på foreldregrava, vert eg mint på at vi alle
skal ut ifrå denne verda til ein annan stad, eingong.
So får vi
sjå kva nyåret vil bringe. Litt veit eg allereie, om alt går bra. Det får de
vite etterkvart. Men mitt største ynskje som alle åra førut: måtte det bli fred
på jord, at menneske ikkje skal lide, god helse og respektere kvarandre sine
ulike sider.
Ετήσια έκθεση/etisia ekfesi = årsrapport
4 kommentarer:
Godt nytt år Anne. 🌺🎄🌺
Takk likeeins...anonym🤔
Lykke til med det nye året Anne.
Håper og ber at det skal bli godt med mye posetivt både personlig og i samfunet. Nyttårsklem. 🥰❤️
Vi;”sør i garden”, ynskjer alt godt for deg og flokken din i det nye året som er i emning😁🥰
Legg inn en kommentar