fredag 20. januar 2023

JANUAR


Januar er lang og seig. Dagane sneglar seg fram mot vår og meir lys. Eg er utolsam, for enno er det mørkt og hustrig. Regn, storm, sludd og stille. Januar er variert. Blir  vel meir snø også, men enno er det bortimot grøne markar og frost. Heldigvis har eg nok fyringsved takka vere mannen i huset. Eg myser mot ein stjernestrødd kveldshimmel. Innimellom dansar nordlyset på himmelen. Karlsvogna heng over hustaket. Ventandes. Eg er ikkje klar enno, men veit at fleire har teke plass allereie. Enn so lenge kafsar vi oss gjennom mørketida, ser framover og gler oss til våren med hagearbeid, planting og såing.

 

Ιανουαριος/ianouarios = januar 

Ingen kommentarer: