Ja, i sanning, det er i nauda ein kjenner sine vener og kven som har medkjensle. Dei ein trudde på, snudde ryggen til. So har ein iallfall fått klarlagt det på slutten av livet. Dei ein venta minst ifrå dukka imidlertid uventa opp, og vil også bli huska.
Siste døgnet har vore ein augneopnar i så måte. Helst vil ein gi blanke når problem dukkar opp, men ein vert tvinga til å gå vidare, tross alt. Prøver fortvilt å finne ein veg. Ei meining. Prøver også å ikkje vere bitter, skjønt akkurat det er vanskelig.
Utakk er verda si løn, seiest det. Også det er ei sanning. Og for sine gjerningar skal ein visstnok bli huska...
Αγωνια/agonia = naud, angst
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar