fredag 18. april 2025

GAMMALT OG NYTT

Eg ser på på gamle visne kvistar som må fjernast på rosebuskene og leitar etter avbitarsaksa. Den er vekke. Også andre verktøy er borte vekk. Brått huskar eg kvifor. Det var ikkje eg som hadde kjøpt dei, og innkjøpar har sjølvsagt teke med seg det han har kjøpt og betalt.  

So er det plenen. Det gyngar under føtene. Mjuk mose har overteke der det skulle gro grønt og saftigt gras. Klipparen? Den er også vekk. Mosen har fått gro fritt i over eitt år. 

Eg kikar på huset. Malinga flaknar. Aldersprosessen har teke til også der, som hjå eigar. At ingenting varer evig, er eit sanningens ord. Likevel kan enkelte ting få forlenga levetid, om det vert stelt...tildels også mennesket. 

Eg skjønar det må takast grep både på busker og plen. Angåande meg sjølv er vel tida snart ute...men det er ei tid for alt og ei fin tid har eg hatt, som har vore både god og innhaldsrik. Mi von er at det eg har "sådd" skal gi ein rikhaldig haust...

Παλιά και κενούλια/palia ke kenoulia= gammalt og nytt

Ingen kommentarer: