onsdag 1. januar 2025

ÅRSRAPPORT

Mimrekveld over året som er slutt. Hendingar på godt og vondt. Ei siste lenke som var meint å vere livsvarande, er broten. Det blei slik. Eit kjært familiemedlem omkom på tragisk vis. To gode firbeinte vener reiste til dei evige jaktmarkane. Vakkert bryllaup samt barnedåp, for eldste sonen, på solskinsøya, i juli. 

Nye bekjentskap har komt og forsvunne etter kortare eller lengre tid. To-tre har likevel vorte nære vener. Den eine veldig nær. Nyåret vil vise seg om det utviklar seg positivt eller avsluttast. 

Økonomien har vore utruleg krevjande og vil fortsatt bli det i nyåret også. Aldri har eg hatt inkassokrav før. Eit nytt bryllaup, samt barnedåp er fastsett i mai.

Eg ser fram til eit spennande år, nye utfordringar, men også gleder, vil eg tru. Men husk at mykje blir kva ein sjølv gjer det til og ligg i våre eigne hender. 


ΚΑΛΗ ΧΡΟΝΙΑ/kali kronia = godt (nytt) år

Ingen kommentarer: