So var det denne dagen igjen...tenk at det har gått 4 år allereie sidan du forlet oss, Marit. Det kjennest enno som om det var igår. Eg ser deg enno klart framfor meg. Ser deg kome borti vegen, høyrer låtten din og stemma di.
Vi vaks opp ilag, var mest som systre, delte sorger og gleder. Du rakk å bli mormor, og var so stolt, men fekk ikkje fylgje guten vidare. Vi opplevde so mykje ilag og skulle ha hatt endå fleire opplevingar saman. Men slik blei det ikkje. Du klatra mange motbakkar, kom deg igjennom mange kriser. Pytt, pytt, berre å slenge det bak skuldra, sa du og gjekk modig vidare. Denne gongen klarte du ikkje det..du tapte.Men minna lever og dei er mange, gode og lyse. Takk for at du har vore i livet mitt, Marit!
Mνήμa/minima = minner

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar