...Og det fekk eg merke no. Store vanskar med å logge meg på her, men fann det ut til slutt. Alt skal endrast på og dette nye KI/AI, forstår eg meg ikkje heilt på. Skal visst gjere ting enklare. Ikkje veit eg. Likar no best at ting er som det var. Ein treng jammen å ha "haudet" med seg iallfall. Vonar det held ei stund til. Men kanskje eg skal skaffe meg ein robot som svarar for meg? Det synest iallfall å bli meir og meir vanleg rundt om. Vanskelig å få i tale ein levande person, når ein ringer eit firma eller offentleg kontor. Trykk her og trykk der, eller vent på svar. Å vente på svar kan jammen ta tid. Men for å minne deg på at du ikkje er gløymd, men VIL få svar (ein gong), får du vite at du er nr 72 i køa. (Hold ut berre) Om du vil kan du faktisk bli oppringd, seier den venlege røysta i andre enden av "røret". Vi er takksame for det, for vi har faktisk litt anna å gjere enn å vente i ein telefon, og kanskje tilslutt gløymer kva ein egentleg ville spørje om også. Men dagen går og ingen ringer oppatt.
Er det dette ein kallar lureri på høgt nivå? For på dei høge nivåa, har vi i det siste fått både høyre og oppleve maaaasse lureri. Eit ord er ikkje eit ord lenger, slik vi blei opplærde til, og trudde på, ein gong i tida. Nei no bør du vere ein meister i ord, vekkforklaringar og ikkje minst manipulering. Det blei ei anna tid, og den kom jammen fort. Når, korleis og kven som har funne på alt dette nye, ja det lurer eg på....
κοροϊδεύεις/koroidevis
=lure/narre
