Innimellom kjem den snikande kjensla av å ha blitt lurt. Fine ord kan gjere kven som helst smigra. Kven likar ikkje ros og godord? Men låg der ein skjult undertone, tru?
Ingen vil bli lurt.Å vere ærleg
ligg i dei fleste norske folkesjeler, skjønt det tek til å bli utvatna.
Likevel, sjangsar må ein ta avogtil. Kanskje blir det blink, kanskje
ikkje. Å gå glipp av det store eventyret fordi ein ikkje vågar, ville vere
svært trist. Men det finn eg utav. Det har eg gjort før. Den som vil halde moro med meg, skal også få
moro tilbake. Eg bestemmer meg derfor å ta sjangsen. Om alt er løgn er han ein fantastisk god
løgnar. Og eg ei erfaring rikare...
Ευκαιρία/efkeria
= sjangse
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar