tirsdag 1. august 2023

EI SUMARNATT

Dei høge grantrea som omkransar og verner huset, står heilt i ro. Ikkje ei einaste vinkande grein. Ein god nattesomn høyrer fortida til. Derfor set eg like gjerne oppe desse lyse sumarnettene. Tenkjer, grublar, skriv litt og mimrar om farne tider. Det er stilt, men noko rører seg likevel. Piggsvinet gumlar hundecornflakes på trappa før det vraltar bortover plenen på jakt etter ferskt sneglekjøt. Eit par hjortar vågar seg nær huset. Vakre, stolte dyr. Ein sky puse leitar også etter mat, men vert livredd når eg snakkar til han med lav stemme. Likevel stansar han opp. Visstnok ikkje van å bli tilsnakka på venleg vis. Eg får vondt av han og tenkjer han kan bli min om han vil, skjønt det vil  ta tid og tolsemd. Utpå morgonkvisten når det lysnar mot dag, vaknar småfuglane. Trosten flyg rett på morellene eller blåbærlyngen. Svalene set seg på straumledninga og pussar fjørdrakta. 

Nok ein ny dag, og den teiknar til å bli bra, men skodda sig sakte innover fjorden og legg seg som ei tjukk dyne over fjella og blir der verande.  Eit grått tak legg seg over folk og land. Igjen. Og øydelegg ein del av dagen. Eg legg meg i von om ei lita soveøkt.

Μια νηκτα/mia nikta = ei natt

Ingen kommentarer: