torsdag 1. juni 2023

KVELDSTANKAR

Eg bør vel snart legge meg, men drøyer den lyse somarnatta i det lengste.  Svarttrosten kvitrar medan sola sekk i havet utafor Godøya ein stad.  Er trøytt, ja, men treng ikkje stå opp tidleg for å gå på jobb i morgon. Har ingen plikter eigentleg. Er privilegert pensjonis. Veit ikkje om det er bra eller ikkje. Ein må skape sine eigne rutiner og gjeremål. Lett å setje seg ned og ingenting gjer. Ikkje bra.

Kva vil so natta gje meg, bortsett frå ein vonleg bra somn med gode drauamar utan mareritt og ekle syn? Det kan ein ikkje styre. Undermedvetet styrer seg sjølv. Merkelege greier. Mykje vi ikkje forstår og sikkert ei meining med at vi heller ikkje skal forstå.  God natt!!


Όνειρο/Oneiro = draum

 


1 kommentar:

Anonym sa...

Sov godt🙄👍🌹🌹🌹