fredag 14. april 2023

KRETAMINNER

Glaner på same stjernehimmelen som vi har heime og tankane kjem og går. Vonde tankar, gode tankar. Alle dei lange nettene eg sat i uvisse og venta. Minna er mange frå dei over 20 åra eg budde her. Dei set i veggane og kjem fram når ein er åleine og tenkjer. Meditasjon, sa nokon. Javel.

Eg tenkjer også på kor mange ukjende menneske som har vore innom i dette huset. Eg har ikkje tal. Kundane må takast vare på, meinte mannen. Eg godtok det. Serverte kaffi og kake, slafsa over golva for at residensen skulle sjå nokonlunde bra ut. Småprata og prøvde besvare alle merkelege  spørsmål, etter beste evne. Som t.d. – korleis er det å ha ein gresk mann? No hadde eg ikkje vore gift med nokon annan mann og hadde inga samanlikning. -Korleis møtte du han? Eg svarte unnvikande. Måte på til personlege spørsmål.

Eg gløymer aldri ho som spurte meg kva eg gjorde eigentleg. Eg vart stum. Ja, nei… eg går no her heime. Ho spurte ikkje meir. Eg kunne sjå kva ho tenkte. 4 born leika ikring oss. I ettertid tenkte eg på kva eg skulle ha svart. Ifrå heimen skreiv og teikna eg skilt, menyar og plakatar til fleire hotell og tavernaer i byen. Eg vaska og gjorde i stand ein villa for nye gjestar. Eg hadde norskundervisning for gresk/norske born. Eg skreiv reportasjer for lokalavisa heime pluss husarbeid som ei «heimeverande berre gjer». Mange tøffe år, men også gode, og eg hadde ikkje ville vore dei forutan. Eg lærde utruleg mykje. Livet er ein skule både på godt og vondt.

 Καλο και κακο/kalo ke kako = godt og vondt

Ingen kommentarer: