fredag 7. april 2023

MARKNAD

Det er ei sann fryd å rusle rundt på marknaden i byen og innta fargar og lukter frå frukter og grønsaker. Haugevis, og ein plukkar det ein vil ha og betalar etter vekt. Her er ikkje agurkane innpakka i kondomplast, tomat og alle andre råvarer er også plasfrie. Ymse ostar, honning, olivenolje m.m. 

På andre sida er div. klede og tekstilar til salgs. Noko bra anna ikkje. Bura med kaniner gjer meg litt vondt å sjå. Men slik er det. Somme vert middagsmat andre går til avl. Alltid folkestimling her. 

Kjerringane fyller trillebagane sine og ruslar heim, midt i gata, for å koke mat til familien. Mykje tuting og kjefting gjennom bilrutene av irriterte bilistar, men ingen bryr seg. Underhaldande kaos.

Aγορά/agora = marknad


 

Ingen kommentarer: