mandag 10. april 2023

EI KYPRIOTISK OPPLEVING

 

Eg var uheldig og vrikka venstrekneet, det kjendes mest som det var ute av ledd. Eg hadde iallfall store vanskar med å gå. Eg nekta å gå til lege, meinte det ville rette seg etter kvart. Neste dag måtte eg berre godta at lege var naudsynt. Det barst til det lokale sjukehuset og mottaket der. Mellom ambulansebårer med blodige og oksygensygande pasientar, blei eg vist til ei seng og fekk intravenøst. Sjokka forklarte eg at det var no berre eit kne, slikt trong eg no iallfall ikkje. Jau, det var vanleg prosedyre.

 Vel so låg eg der og venta på at flaska skulle tømest. Trur det var mest 8-10 legar bortom meg for å sjekke om eg hadde det bra. Jau, forsovidt. Mitt dumme fe kom so til å nemne at eg var litt plaga med svimmelheit. Då blei det fart i staben. Det blei MR, røntgen, EKG og eg veit ikkje kva. Full sjekk av hovud og overkropp. Aldri har eg vore so grundig testa og vore innom so mange apparat på so kort tid.  Etter kvart blei eg grundig lei og ville ut og vekk. Dei fann ingenting. Ja men so var det dette kneet. Eg fekk ei bandasje surra kring kneet med ordre om å kome til ortoped neste dag. 

Neste dag møtte vi (dotter mi og eg) på ortopedisk avdeling. Ortopedar med namnskilt på ei rekke dører. Vi skulle til ein Pedro. Venta og venta. Folk sat som høner på vagl og alle kom inn før oss. Til slutt tok vi tak i sekretæren og lurte på når vi skulle få kome inn. Nei, vi stod ikkje på lista!! Gløymt frå førre avdeling, visstnok. Heldigvis kom vi likevel inn. Eg blei nedlagd på ny båre. Pedro lurte på om eg skjøna svensk. Jau, eg gjorde no det. Men den svensken han prøvde å gjere seg forstått på var uskjøneleg. Vi gjekk over til gresk og engelsk. Kom eg frå Oslo eller Bergen? Nei, Ålesund sa eg, ligg litt nord for Bergen. Men då miste han intressa. 

Eg tenkte i mitt stille sinn at han hadde sikkert vore på dameturne i både Sverige og Norge i sin grøne ungdom. Han tok til å kryssforhøyre dotter mi, om ho kjende den og den på Kreta? Men so var det dette kneet då. Han kneip litt rundt omkring, før han lenda meg inn frå lysken til helen, med beskjed om å kome att etter ei veke for røntgen og sjekk. Eg forlet sjukehuset som ein halv mumie. Og kom aldri tilbake. Eg hadde fått meir enn nok, og halta meg avgårde til fyrste fly mot Kreta, etter nokre dagar.. Stakars dotter mi som hadde teke fri 2 dagar frå jobben p.g.a ei vinglete mor.

Totalsum for heile greia? 18-20 Euro, ca 200 kr. Må nemne at eg har helsekortet E111, de bør de huske om de reiser utanlands. Helfo ordnar det.

No er Kypros ei rik øy, iallfall den greske delen og Norge er eit rikt land, men helsevesenet er heilt klart ulikt prioritert.

Νοσοκομείο/nosokomio = sjukehus

1 kommentar:

Anonym sa...

Du he skikkelig blitt undersøkte frå topp t tå. Herlig når alt e bra,sjølv om kneet fortsatt e låkt. God knebetring Anne. ❤️ 😀