tirsdag 28. mars 2023

LITT EDENS HAGE

Eg vaknar i 05-tida slik eg pleier, og lurer ein agneblink på kvar eg er, heilt til eg høyrer velkjende lydar. Bjelleklang, sauebreking, hanegal, hundegneldring og irriterte gjetarar som jagar på buskapen i mørkret, før dei skal på ein annan jobb. Eg somnar att, veit eg er trygg i min sørlege heim. Når eg vaknar igjen, flyt morgonlyset inn gjennom rillene i vindaugsskoddene. Klokka nærmar seg 08. Langt på dag allereie. Eg har gått glipp av soloppgangen, men sola står vel opp fleire morgonar? Kjøkendøra vert opna på vidt gap og sollyset fløymer inn. Det gjer også nabokattane. Dei er hungrige og veit eg har mat til dei. Sjølv bryggar eg meg ein illsint kaffikopp, til å vakne på,  dreg ein pinnestol utpå balkongen under sitrontreet og set meg i solskinet. Knallgule frukter heng over meg. Svigerfar min spådde at treet ALDRI ville bere frukt, sidan det var planta på minkande måne. Det er ca 36 år sidan. Han tok grundig feil. Dette treet er fantastisk og ber frukt heile året, velluktande kvite blomster, grøne små knartar og fullmodne solgule sitronar.  Eg nyt tilværet og tenkjer eg er heldig som kan bu i ein bit av Edens hage. For lenge sidan lengta eg heim av mange grunnar, no lengtar eg attende og mimrar om alt eg har opplevd. Mykje er som før. Men mange herlege menneske som tok godt imot meg, er no borte og kjem aldri attende. Heller ikkje tida.


Ενα κομματι απο Παραδεισο/ena kommati apo Paradiso=ein bit av Paradiset


Ingen kommentarer: