mandag 27. mars 2023

KYPROS - KRETA

Opphaldet på Kypros blei lenger enn planlagt, grunna eit mindre uhell, men endeleg var eg på veg til Kreta. Eit isrelsk/kypriotisk flyselskap eg aldri hadde visst eksisterte, skulle flyge meg dit. TUSair. Eg lurte på om eg kom til å hamne i «den heilage stad», det hadde isofall vore ei ny oppleving, men kursen gjekk heldigvis mot Kreta. Etter vel ein time dumpa flyet ned på Heraklion flyplass og humpa bortetter landingsstripa mot inngangen. Og her var det full sjekk av pass og anna legitimasjon. Flyet kom tross alt frå fiendeland og det kunne vere infiltrering av erdoganske agentar blant passasjerane. Eg forklarte etter beste evne om at eg ikkje hadde kryssa den tyrkiske grensa. Og det var sant. Mitt troskuldige ytre må ha vore overbevisande, for eg blei fort feia avgårde. Ingen vits i å kaste vekk tid på ei kjerring frå Nordpolen. Utanfor blei eg henta av mi pliktoppfyllande svigerinne og køyrd til døra. Endeleg kunne eg låse meg inn gjennom den blå døra. Kypros var greitt nok for ei vekes tid, men er ikkje mi øy, berre Kreta er øya i mitt hjarte.

Og her har små ubedne gjestar boltra seg. Etter nokre iherdige kosterunder har eg fått sveipa ut daude fluger, skorpionar, tusenbein, skrukketroll, vevkjerringar, biller og andre krypdyr som eg ikkje veit namnet på. Korleis kjem dei seg inn? Jau, det er gliper under dørene og andre sprekker hist og her. Dei finn fram krypa, i eit tomt hus. 

Det vert fort kveld og ein solrik dag vert ganske kjøleg denne tida. Det må fyrast på peisen, gasspåfyll skal visst bli levert i morgon so då vert det vonleg meir varme mellom murveggane.



Μονο η Κρητη/mono i Kriti = berre Kreta

Ingen kommentarer: