tirsdag 28. februar 2023


Leitar etter små lyspunkt i kalde gråveret, og dei finst mellom snø- og regnbygene dersom ein ser. Snøfluksene vert heldigvis ikkje liggande, regnbyger og vind syrgjer for det. Innimellom snik nokre solstrålar ertande fram. Og no tittar dei inn i stoveglaset mitt etter å ha vore fråverande i fire månadar.
  Trea knoppar seg. Påskeliljer, tulipanar og krokus spirer i bedet. Kjøtmeis, raudstrupe og svarttrast flokkar seg kring meisebollane som heng i morellebærtreet. Svarttrasten treng ekstra næring. Han skal snart trille våren inn frå høgste tretoppen. Eg gler meg til å lytte til dei nydelege strofene i skyminga kveldane. Månen er ny og vil lyse opp mørke kveldar og netter, også bak skyene. Dessutan ser eg fram til mars, då flyg eg sørover igjen.   


   Φως/ fås = lys


Ingen kommentarer: