mandag 23. januar 2023

VER OG VIND

 Akkurat no bles det her. Ikkje uvanleg. Avisa skriv kvar dag liten bris og mild bris om det so er «mild» storm eller orkan. Men kanskje det er annleis i Ålesund? Søre luten kan umulig ha vore medrekna. Nok om det. Siste snøflekkane forsvinn, iallfall, inntil vidare.

Er det forskjel på vind? Åja. Nordavind, synnavind, aust- og vestavind. Eg likar best synnavinden, den er lunare enn både nord- og austavind. Når synnavind og vestavind hyler ilag kring novene, gjerne med regn, søv eg best. Minner meg om barndomen då eg låg på loftet og lytta til vinden. Den var roandes, mest som ein voggesong.


På Kreta har vi Sirocco. Ein varm ørkenvind frå Sahara. Den er ikkje populær. Gjer folk gale i hovudet, seier folk. Tek den med seg regn, er det bortimot katastrofe om ein ikkje har berga inn klesvasken. Alt vert brunt og mest umogeleg å få reint att. Bilar og uteplassar må spylast. Eit sant leven, kvar gong. Berre eg likar den, men seier det ikkje høgt. Å sete på balkongen og sjå olivnelunden bøye seg nordover, kjenne vinden sin varme, filosofere og skrive. Jau då er eg i rett modus.

 Αερας/aeras = vind

Ingen kommentarer: