søndag 11. desember 2022

KYPROS

 

Ei fin øy, ja. Men venstrekøyringa forvirra meg. Eg blei nervøs. Maten…tja både og. Men no har eg vorte bra kresen med åra. Menneska er venlege, høflege og svært gjestfrie, alle helser. Her har vi absolutt noko å lære. Vi blei inviterte både hit og dit. 

Men ein bør unngå å ta opp temaet Tyrkia. Det er eit sårt og følsamt emne. Ein anar at det ulmar under overflata, likevel er kypriotane tolerante og har ingen problem med tyrkarar generelt, styresmaktene derimot…Og det kan ein godt skjøne. I 1974 okkuperte tyrkiske militære øya og folk måtte forlate heimane og eigedomane sine. Kypros vart delt i to og er det den dag i dag. Tyrkia «eig» norddelen og kypriotane den sørlege delen. 

Ein kan enno sjå over grensa dei ubebodde greske bustadane, nedsarva og vanskjøtta. Den greske delen derimot har bygd seg opp. Turisme og velstand. Øya har ca 300 soldagar i året og er ein ynda opphaldsstad for nordbuarar vinterstid. Likevel er ikkje dette øya eg lengtar attende til, for meg er det berre Kreta i mitt hjarte.

Μονο  H Κρητη στη καρδια μου/mono H Kriti sti kardia mou = berre Kreta i mitt hjarte

Ingen kommentarer: