tirsdag 18. oktober 2022

EIRIK LYSERAUDE

Vi fekk Lyserauden i 2010 saman med ein bror som var større, men ganske lik. Dei var fødde i ein låve i Haram kommune. Mor levde i lauslivnad, far ukjend, antal syskjen likeså. Begge var skræmde og utemde. Men det gjekk seg til. Dotter mi er ein tolsam person. Storebroren fekk eit kort liv. Ei hissig ørn sørga for det. Lyserauden vart ein ram krigar, derav namnet Eirik Lyseraude. Han var næmleg lys i pelsen. Bortom grendene var han stadig. Urinerte hemningslaust på inngangsdører og sloss med alle grannekattane som kom i hans veg. Det kom nokre klager, forståeleg nok. Lyserauden kom ofte haltandes heim på tre føter, blodig i fjeset og rivne øyrer. Mor pleia han etter beste evne, gav han reprimander til lita nytte. Etter 2-3 dagar ville han ut igjen. Same greia om att. Tilslutt måtte det kastrering til.  Han roa seg etter det. Blei heimeverande. Jakta berre litt mus i nærliggande veggrøfter. Var kosete og god.

Siste tida skranta Lyserauden på fleire vis. Synet forsvann so og seie. Demensen inntok hjernen, han ville helst berre sove og  apetitten minka. Han var heilt klart «mett av dage». I dag tidleg sovna Lyserauden inn for alltid. Veldig trist for oss alle. Om du seier: «berre ein katt», so svarar eg, han var eit kjært familiemedlem og vil verte sakna i lang tid framover…

Μονο ενας γατος/mono enas gatos = berre ein katt


3 kommentarer:

HamnaLars sa...

Det kan aldri verte: Berre ein katt!! Ein katt, eller ein hund, eller anna husdyr på ein gard, eller i ein heim, vert ein glad i! Nokre får større plass i hjartet enn andre, rimelegvis! Nokon smyg seg under huda vår, og etterlet seg sakn og tomheit når dei døyr! Slik er no livet eingong, då kan det dempe på sorga at ein veit at pusen, ( eller det dyret ein har mista), har hatt eit godt liv med kjærleik og omtanke, (les kos)!
Sender omtanke til heimen, synkjebarn🙄🥰

Anonym sa...

Takk Lars❤

Anonym sa...

Kom tilfeldigvis over bloggen din. Fine betraktninger om livet - tusen takk! Hilsen Anita