lørdag 8. oktober 2022

VER OG MEIR

 
Hausten er her med mykje ver. Vind og regn. Vi er vane med det her ikring og innrettar oss, kanskje mest inne. Desse mørke månadane har også sin sjarm med fyr i omnen, levande lys, boklesing, strikking og kva det no måtte vere ein ikkje har tid til sommarstid. Likevel kjenner eg for kvart år at denne årstida tærer på sinn og skinn. Og verst er skodda som dekkjer halve fjellet med si grå og våte tyngde. Humøret vert dermed deretter og den kalde nordavinden gjer det ikkje so mykje betre. Tore og lyn kan vere fasinerande, eg er ikkje redd, men veit at det kan vere farleg også. Nei, då likar eg betre sørvesten. Den er varmare og fører ofte med seg regn som hamrar på tak og vindauge. Då søv eg godt. Men når eg ikkje får sove, brukar eg nattemørkret til å tenke, filosofere,  skrive.. Fleire søkjer sørover denne tida. Eg også. Er privilegert soleis. Sola skin oftare der enn her. Frost og blankis er framandord i sydlegare strøk. Derfor reiser eg til min andre heim snart.

Καιρός/kairos = ver 

Ingen kommentarer: