Eg vil vere
åleine, tenke og sortere minna. No hadde eg ikkje den beste kontakta med bror
min, vi var forskjellige. Vi hadde same far men ikkje same mor. Vi vaks likevel
opp saman. Det var ni år imellom oss. Du reiste til sjøs, eit forlis, vil eg
tru gav deg traumer. Du gifta deg etterkvart og flytta. Eg busette meg langt
vekke. Kontakta vart bortimot null. Du var intressert i fuglar og farta i
marka. Du bar nok på tap og sorg, men som lita syster forstod eg det ikkje.
Slike ting vart heller ikkje omsnakka den tida. Kanskje klarte du ikkje å
formulere det heller. Du kafsa deg gjennom livet på din måte. Når ting gjekk
imot deg fann du trøyst hjå besteforeldra.
Siste tida
var ikkje god hverken for deg, eller oss som besøkte deg, kontakta blei
gjenoppretta på eit vis. Eg er glad for det. No har du fått fred og evig kvile.
Kvil i fred, bror.
Θλίψη/flipsi = sorg
2 kommentarer:
Godt sagt Anne, det er ikke alltid så lett her for alle! Masse klemmer fra meg!❤
Set pris på kommentarene dine, men vil gjerne vite kven du er.
Legg inn en kommentar