torsdag 18. august 2022

SMÅBORN I HEIMEN

 

Dei kreftene og energien eg hadde for nokre år sidan med å takle 4 småborn, har eg diverre ikkje lenger. Trist, men alderen tærer. Likevel gledeleg når borneborna besøker farmor/mormor. Ting og tang må ryddast vekk, for alt skal undersøkast. Alt er nytt i denne verda for desse små.


To-åringen forvandlar vindaugskarmen til racerbane for bil og traktor. Blomsterpottene vert stuva vaklande saman i andre enden. Eg fryktar dei snart ligg i ein moldhaug mellom knuste potteskår. Keisamt å ikkje ha andre born å leike med. Men so fekk han ein liten bror som stal mykje merksemd frå mor. Ikkje kjekt i byrjinga. Heldigvis går alt seg til. Han dyttar ein bil inni dei små babynevane, men dårleg respons. Då er det kjekkare å mate. Tåteflaska går både i nasen og under haka.

Den vesle berre smiler, sparkar og veivar med små armar.  Men storebroren får sjølvsagt ros. Viktig å opparbeide god sjølvkjensle.

Eine eitt-åringen synest omnen og dei flisete vedkubbane er verdt nærmare undersøking, kanskje også ein prøvesmak. Men kjekkast er hunden med den svarte snuten som stadig må pirkast på. Katten rømer under sofaen. Hunden er for stor og leitar desperat etter ein gøymestad.

Små fingermerke på glasrutene. Pytt, pytt litt søl må ein tåle. Moro er det også med fjernsynet. Fjernkontrollen fungerar som telefon.

Den andre eitt-åringen elskar solbær, og i hagen dukkar det også opp eit lite piggsvin. Det er nytt og spennande, heilt annleis enn pusen. Ho ryddar kaffibordet for brukte serviettar og legg dei i rett bosbøtte. Hermer etter foreldra når ho kastar mat på golvet: «Nei, nei, nei», mest for å teste reaksjonen. Litt småfantete også desse minste. Skal tru kva dei blir til? Måtte det uansett gå dei alle vel i denne underlege verda.

Μωρό και παιδία/ mårå kai paidia = baby og born

1 kommentar:

Anonym sa...

Skjønner godt man ikke bør få barn etter man er 60….(Sissel)