onsdag 22. juni 2022

SPRÅKFORVIRRING

Mykje nytt å forhalde seg til i desse tider, ikkje minst innan språket vårt. Eit nytt kjønn, hen, er no bestemt. Ikkje misforstå meg, eg er for at menneske er glade i kvarandre både sånn og slik, heller enn at dei «slaktar» kvarandre. Men når eg spør: « kvar skal du hen?» eller kvar skal hen hen? Han/ho hen skal dithen.Det vert litt forvirring. So er det bøyinga. Han = hans, Ho = hennar. Det = dets. Hen = ? Og kva er ordet hen på andre språk: engelsk, tysk, fransk, gresk..? Det finnst ikkje.

Eit anna ord er viss. Før heitte det hvis/dersom. Om eg skriv hvis er eg viss på at nokon meinar eg skriv feil.

Eit 3. ord som er mykje brukt i media er slakte. Eg lærde i mi tid at ein slaktar dyr. Hausten var slaktetid. No kan alt og alle slaktast i media. Eg får frysningar kvar gong eg les det. Det høyrest ut for meg som eit grufullt mord…ein massakre. For ikkje å nemne all banninga som også er daglegtale. So kvar går vi hen? Kva gjer vi med språket vårt? Korleis skal nykomarar til landet vårt lære godt norsk? Kan du, han, ho eller hen svare meg på det, utan å slakte meg viss de kan?

Γλώσσα/glossa = språk

 

1 kommentar:

Anonym sa...

Rett godt skrive, Anne 👍😁