tirsdag 26. juli 2022

SOMMAR

Eg opnar augene kvar morgon og ser inn i ein grå og dunkel vegg. Snur meg i senga for å sove vidare, men må til slutt stå opp. Innimellom kan eg skimte dansande tretoppar i vind med eit tungt regnslør over. Sjølv ikkje vinden klarer blåse skodda vekk. Spådomane seier finever framover og vi ventar tolsamt. Kan ikkje slutte å vone, då misser vi alt, seiest det.  Brått bryt ei solstrime ut frå alt det grå. Vi kviknar til ei lita stund før vona sloknar. Var det ein glipp ifrå Oven? Eit synsbedrag? Kanskje var det nok for oss, som likevel ikkje er so godt vande, men gler oss over det vi får, medan vi tviheld på vona om finever…ein gong når skyene vert tome.

I sør brenn sola og jorda. Isofall bør vi takke for regnet, betre enn brann iallfall.

Φωτιά /fotia = brann



Ingen kommentarer: