tirsdag 19. april 2022

VÅRLYDAR


No er den her for fullt…våren. Berre å gle seg over endringane i naturen. Sildring frå snø som smeltar og vert til klukkande bekkar. Hesthoven som sprengjer seg opp gjennom asfalten og ulike blomar i mange fargar sprett opp so fort at ein nesten kan høyre kor dei veks. Skogen grønskast. Døsige insekt surrar mållaust ikring. Fuglane jublar mot vårsola og gjer seg klare for reirbygging. Orren kurrar og vonar å få napp hjå ein make. Svarttrosten er grådig, stappar i seg mesteparten av fuglematen. Dernest spaukar han i jorda som ei anna høne, på leit etter makk. Men ingen syng vakrare enn nettopp svarttrosten, frå tidleg morgon til kveld. Når han trillar sine tonar frå høgste tretoppen er det defintivt vår

Ωρειες μερες τωρα/ årees meres tåra = fine dagar no


 


Ingen kommentarer: