onsdag 19. januar 2022

KVIFOR?

Skal andre fortelje meg kva eg bør gjere eller ikkje? Ditten og datten skal vere best eller betre for meg, seier dei, utan å spørje kva eg vil eller likar. Og om eg klarer å smette inn mine ynskjer, vert alt frykteleg vanskeleg eller overhøyrt. Ja, eg har gjort ein del feil i livet. Kven har ikkje det? Skjønt det har ingenting med meg og mi sak å gjere. Livslærdom er også å feile, lære av det, og gå vidare. Kvifor skal eg då bli belærd av yngre som ikkje har gått gjennom «den harde livsskulen» men svergar til appar som fortel ein korleis ting skal gjerast og livet levast. Til helsike med alle teknologiske duppedittar og forståsegpåarar. Kva vil eg so?  Fyrst og fremst: fred og ro i livet mitt. Eg er i den alderen no, og vil bestemme sjølv. Eg drøymer om gamle dagar, ja, og alt det eg har fått lov å oppleve. Fantastiske minner, men eg vil meir..Eg vil ut å reise, igjen, treffe nye menneske i andre land, som  eg kan lære av, oppleve, tenke, fundere og…skrive, for å glede andre. Eg har hatt nok av kommandoar og gode råd. Eg vil vere fri!! Den som ikkje har gått i ein annan sine sko, levd den andre sitt liv, tenkt den andre sine tankar..har absolutt ingen rett til å belære ein annan..

γιατι/gjiati = kvifor

1 kommentar:

Anonym sa...

Så enig Anne. 🤗