fredag 18. februar 2022

SJUK

 

So har eg fått det. Tida for det no. Nei, nei..ikkje det du trur, som alle snakkar om og er redde for. Det er verken Covid, Alfa, Delta, Omega eller kva dei heiter alle desse mutantane og variantane. Det greske alfabetet er snart oppbrukt. Alle testane eg har samvetsfullt teke, har hittil vore negative. Heldigvis. Omega(3) har eg, eller rettare tek eg, kvar dag. Kjelda, seiest det, ligg hjå barnehageborn som eg no har i heimen. På slike stadar der småborn oppheld seg  ynglar smitten, visstnok. Eg har altså pådrege meg ei hard forkjøling. Lenge sidan sist, faktisk. Host, hark og snyt. Utav nasen kjem ei unemneleg guffe med ufin farge. Stemma er berre ei kvesing, so det er ingen vits i å ringe meg. Men, men, går vel over dette også. Dagane lysnar. Sola stig på himmelen og varmar nedkjølte kroppar og stive knoklar. Feriedraumen nærmar seg også. Ingen grunn til å klage..

Eίμαι άρρωστη/ime arosti = eg er sjuk

Ingen kommentarer: