Stund for
ettertanke, minner og sjølvransaking, ny von og gode ynskjer…som i fjor på
denne dag. Gjekk fjoråret sine ynskjer i oppfylling? Både ja og nei. Året har
vore både vondt og godt. Surrealistisk. Eg kan ikkje minnest at bygda har mista
so mange nære og kjende på eitt år. Rart og vondt for mange, meg sjølv
inkludert. Oppi det heile fyltes vi også med glede som berre eit nytt lite barn
kan gi. Vesle Anna kom til oss i slutten av april, og eg kunne dermed telje 3 borneborn.
Slekt og vener elles har også hatt familieauke. Glede. Reising har det vore
lite av, men eit Kreta-opphald i september-oktober blei det. Ikkje akkurat
ferie, meir som ei naudsynt «arbeidsreise». Siste månadane har gått utruleg
fort, og mine ynskjer på denne siste års-kvelden er som kvart år: fred på jord
og respekt for medmenneske som er annleis og gjer annleis livsval utanom
folkemassen. Måtte alle gode ynskjer som vert sendt mot himmelen ikveld, bli
oppfylte.
Godt nytt år
til dykk alle!!
Καλη χρονια σε ολους/kali kronia se olous = godt nytt år til alle
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar