Minna er mange. Mest uteljande gjennom eit heilt liv, ifrå
barnsbein av. Ei god trøyst å ha i ettertid. Vi delte sorger, gleder og
fantastiske opplevingar. Vi lo mykje og ofte. Du var
fargerik, spreidde muntring ikring deg, gav av deg sjølv, stilte opp for
andre, var livsglad og vågal. Ofte stod vi undrande på sida og mumla: At ho
vågar! Går dette bra? Det gjorde alltid det. Du berre flira og trødde lystig
vidare. Du brøyta deg gjennom motgang, slengde det bak skuldra, som du sa, og vandra
frisinna vidare mot nye mål, og tok vel imot det livet baud på. Denne evna
kunne fleire misunne deg. Livet skulle levast og opplevast på beste vis, blei
eit motto. Du var positiv og eit
JA-menneske. Eg prøver ta det som ein lærdom, Marit. Det beste du opplevde var utvilsomt å bli mor og
mormor. Vi prata mykje om mors- og
bestemorsgleda. -So levde vi ikkje forgjeves, tulla vi. At du hadde ein del motbør
i livet, er ei sanning, men du kom deg alltid igjennom. Du var
ein fighter. Denne gongen gjorde du ikkje det. Siste motbakken blei for tøff, skjønt du «sloss»
lenge, nekta å gi opp, tilslutt måtte du likevel overgi deg..
Fred over ditt lyse,
glade minne, Marit. Takk for at du har vore i livet mitt gjennom alle
desse åra.
Eg såg ei stjerne på himmelen ikveld
Den var ny
Det var deg
Du var nyinnmeld og teld
Blant alle stjernene som blinkar ned til oss kvar kveld
Ευχαριστω
που
εισουν
στη
σωη
μου/Efaristå
po ison sti soi mo = Takk for at du var i livet mitt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar