![]() |
ill.foto |
Ein flyttar ut. Tre skal inn. Loftsroma må nedvaskast. Eit lokalt reingjeringsbyrå har for mykje å gjere, og rekk ikkje jobben på so kort frist. Berre å brette opp armane og gå igong sjølv. Ei svigermor som har komt i hus som barnevakt, insisterar på å hjelpe til. Klutar må til, ca 30-40 tvåger og filler, samt svampar. Svamp? Åjaaaa, svamp trengst, ho har då vaska før, so det kan ho. Dernest reingjeringsmiddel. Skapet vert tømt for Jif og Jaf, Klorin, Salmiakk, Ajax, Zalo, Grønsåpe, Omo, Lano osb. Eg startar i nørdre hjørne. Den vaskeglade sveipar over lister, veggar og dører. Mannen tek taket. Etter 3-4 omgongar kan vi skimte den opprinnelege fargen. Men eg kan ikkje vaske, får eg vite. Sånn og slik skal det gjerast. Dette kan ho, årelang erfaring. Eg har vel vaska litt opp gjennom åra også, utan å kunne skilte med fagbrev. Eg dreg meg attende. Eigentleg litt glad, og overlet resten til Mannen og dama. Det vert munnhoggeri. Mannen vert taus, han er overkøyrd av gode råd. Neste dag vil eg vaske over golva og ta «finpussen» sjølv. Åleine. I mitt eige tempo. Den gamle sofaen skal ut, har eg bestemt. - Ånei, denne fine sofaen, jamrast det. Men nei. Eg let meg overtale. To mot ein. Putene skal iallfall brennast. Nye puter vert anskaffa, men passar ikkje inn, etter min smak. Eg søkjer på nett etter brukt sofa og får fleire henvendelsar. Det dukkar opp ei annonse om ein sovesofa som giast vekk mot henting. – Skriv, kommanderar eg Mannen, - vi kan hente med ein gong. Vi dreg avgårde og treff eit nydeleg par som bur langt oppi hutiheita, men likevel i nærområdet. Dei er glade for å bli kvitt sofaen og vi er overlukkelege for å ha fått ein fin sofa gratis. Den gamle vert boren ut på plenen. Ny jamring frå barnevakta. Eg freser. Sofaen skal ut! No! Heretter høyrer eg ikkje på andre enn meg sjølv. Sofaen skal døy, henrettast, avrettast, makulerast, slaktast…Forstått?? Barnevakta ryggar skræmt. Den elles so avbalanserte, sindige Anna har vorte troll. Sofaen vert ståande nokre dagar på plenen. Lit de parade. Litt ære bør den få tross alt, etter å ha tent familien i 3 generasjonar gjennom 50 år. Dernest vert den kremert. Vinden samlar oska og spreier den over grannelaget. Sofaen er historie…og det var det.
Καναπέ/kanape = sofa
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar