tirsdag 9. november 2021

HEIMREIS

Eg kjenner meg alltid trist kvar gong eg forlet solskinsøya mi…denne gongen er eg letta. Kø på flyplassen, men omsider min tur. Eg dreg opp billett og alt eg har av ID-papir. Pass, mitt gule politeknikort, eit nytt blått kort som skal gi meg fri inn- og utreise i dette landet til evig tid. (Har alltid reist inn og ut av Hellas utan problem). Eg er ingen «kvensomhelst», næmleg. Skrankedama let seg ikkje imponere. Coronapass? Eg dreg opp den  4-vekers gamle negative attesten frå Aleris. Ho let seg ikkje lure. For gammal den der. – Er du ikkje vaksinert? -Nei. -Har du teke test? -Nei, dvs. rapidtest heime. -Eg ER negativ. Ho sperrar opp gluggane. Eg vert både nervøs og irritert og hevar stemmevolumet, snakkar sakte med store bokstavar: -HØYR HER, MADAM (Eg likar denne tiltaleforma): -KRETA ER GRØN – NORGE ER GRØNT, GJER VEL Å HALD DEG OPPDATERT, MADAM. EG SKAL IGJENNOM! Ho må ta ein telefon. 30 sekund etter klaskar ho pass og boardingkort i disken og føyser meg avgårde. Eg svevar opp rulletrappa til bagasjekontrollen. Her går det unna. Svisj-svusj. Laptop i ei korg. Ryggsekken i ei anna og jakka i den tredje. Gjennom «triumfbogen». Ingen piping. Mitt medbrakte gods samlast fort opp. Oisann, eg har visst ei saks i sekken, kjem eg brått på. Den vesle saksa mellom strikkepinnane mine i sekken vert ikkje oppdaga av maskineriet. Eg er igjennom. På flyet har eg rekke nr 3 og midtgang-setet. Ein oldis trykkjer ved vindauget. Vi har eit sete i mellom oss. Elles er flyet tjoka fullt. Endeleg på heimveg. Over Egeerhavet ein stad, får eg ein reaksjon. Eg spyr. Grafsar til meg ein flysykjepose frå seteryggen. Oldisen er uberørt og dukkar djupare nedi boka med tittelen «25 gode historier». Eg må ha dorma. Gamlingen skal på do og skrevar over meg. Do-ritualet gjentek seg fleire gongar under flyturen. Ikkje fred å få. Prostata, antaglegvis. Plagsomt, har eg høyrt, men heldigvis ikkje smittsamt. Flyet landar, men Norge sin største flyplass har teke kvelden. Det er straks midnatt. Alle inngangar er stengde. Ingen skjønar noko. Folk står i kø frå flydøra til inngangen. Ein våken fyr finn eit slags knappeanlegg på veggen og trykkjer villt på knappane. Det kjem eit somnigt svar: -JAAAA? -4-500 slitne flypassasjerar frå Kreta vil inn i varmen. Kan du hjelpe oss? – Skal prøve, svarast det. Mumlande optimisme i rekka. Og underet skjer. Dører opnar seg og folk strøymer til Taxfreesona. Eg orkar ikkje bere på ekstra gods, men går på leit etter ein benk for å sove. Overalt ligg folk og søv. Endåtil på golvet, som ser ut som ei slagmark. Eg lurer meg under ei sperring på ei kaffisjappe. Andre fylgjer etter. Innrettar oss på bord og stolar. Gedigne blinkande reklameplakatar irriterar meg voldsomt. Glad eg forlengst er ute av den bransjen. Klokka 02 kjem ein rasande utlending. – Vekk herifrå! Alle. Det skal vaskast. Ny jakt på soveplass, utan resultat. Eg finn ein rullestol. Den som hadde hatt eit koronahotell, tenkjer eg. Ingen vart sjekka på G-moen. Ei securitas-vakt sov ved tollsona. Omsider er eg heldig. I underetasjen finn eg ein fri benk og søv/kviler til klokka 05. Sjanglar til Norwegian-skranken for billett til Vigra. Avgang kl 11.40 på ein søndag. Ny innsjekking. Piping gjennom bogen. Eg vert bura inn i ein gjennomsiktig kapsel og gjennomlyst til beinet. So er det ein som vil kjenne. – Ja berre kjenn, det er lenge sidan sist, flirar eg. Han beføler mest heile meg. – Ok, du kan gå, du har ingenting. -Veit eg so vel, gleiper eg, og tenkjer på noko heilt anna. Handbagasjen kjennest tung. Inga trille å oppdrive. Eg grip til ein rullestol igjen og trillar til gaten med godset oppi. Slumrar på eit sete. Tid for avgang nærmar seg, men brått skal dette flyet til Tromsø. Eg får telefon frå ein ukjend fyr: -har du avbestilt billetten din? -Nei, absolutt ikkje. -Eg har fått SMS i ditt namn om at flyet er forseina og gaten er endra. Vi har nesten like tlfnr. -Takk for opplysninga. Ny forflytning. Inga melding på tavla. Folk er frustrerte.

Dette er Norwegian, må vite. Typisk. Klokka 13.30 skjer det noko. Avgang til Ålesund vert oppsett. Etter ein knapp time dunkar flyet ned på sunnmørsk jord. Eg har tårer i augene. Min gamle kjære ventar og køyrer meg til døra. Eg går rett til sengs. I morgon ventar nye utfordringar..

 

Πολλα προβληματα/polla provlimata = mange problem 

 

 

 

 


 


Ingen kommentarer: