søndag 10. oktober 2021

NY DAG

Gulrosa morgongry. Skyfri himmel. Kaffikopp på balkongen. Pledd over knea. Oktober-morgonen er kjølig men frisk. Natta har vore uroleg med usaman-hengande draumar. Tankar om ein ny dag vert like  stressande som gårsdagen, eit evig renn mellom byråkratiske kontor i ein «riv ruskande gal» bytrafikk. Besøk heime og ute. Kjekt, sjølvsagt, men krevjande også. Eg likar planlegging, roe ned, samle tankane, noko som er heilt uskjønleg for enkelte, som hoppar rundt i si eiga tredemølle, forventar det same av andre og skvaldrar verre enn ein papegøyeflokk. Ferie? Miljøskifte vil eg kalle det. Men OK det også, sidan ein stort sett har «ferie» heile året. 

Άλλη μια μέρα/alli mia mera = ein annan dag 

 

Ingen kommentarer: