tirsdag 21. september 2021

Ei coronareise

 

Ein lid seg gjennom den 4 timars lange flyturen frå Oslo til Chania og set utruleg nok som pakka sild i tønne. Knea under haka, fordi sidemannen, ein svenske, som må vere ca 3m lang og set i midten, treng all alboge- og fotplass som finnst i eit trongstappa Norwegianfly. Det spritast i hytt og pine, maske og hanskar. Eg strikkar litt, drikk vatn, løyser kryssord og fokuserar på  skyene gjennom vindauget, som eg er so heldig å ha på høgresida. Den lange, prøver etter beste evne å samle lemane kring seg. Ikkje enkelt.  Eg kjenner ein viss sympati. Kroppsnær kontakt vert umulig å unngå. På ytre side set ein fulltatovert ungdom med hette og øyreproppar, utilgjengeleg og i si eiga salige boble. Eg trykkjer meg inntil vindauget og studerar skylaget som eg aldri før har gjort. Timane er lange, men vi står i det. Omsider vert landing om 20 min opplyst over ein elles taus høgtalar. Anna info enn billegsal på sprit og sjokolade har ikkje  vore oss «lidande» passasjerar forunt, under overfarta. Der, ja der, endeleg, touchar flyet kretisk jord. Ahhh.. Beløninga var absolutt verdt «lidinga». Med  stive lemar og gele i knea kjem eg sist utav flyet og blir møtt av ein gjenkjennande føhnvind med nydeleg dufter, fullmåne og eit høgrøysta gjenkjennande språk.  Passkontroll, negativ Coronatest og PLF-dokument går kvikt igjennom. Eg kan sjå fram til gode dagar og viktige gjeremål.

 

Ενα κορωνοϊό ταξίδι/ena koronio taxidi = ei korona reise



Ingen kommentarer: