fredag 20. august 2021

SNART HAUST

Kalendaren syner siste sommarmånad. Mørkare kveldar merkast godt. Trea har småleg teke til å gulne. Ja, somme er heilt brune. For lite regn?  Nei, invasjon av Seljebiller, seiest det. Tydlegvis likar dei bjørka også. Sommaren har likevel vore god i år. Både sol og regn. Bærbuskene har levert rikeleg. Grønsakene likeeins. Berre potetene blei noko mindre enn i fjor. For turt, meinar enkelte. Likevel er det ingen grunn til å klage. Andre stadar har det vore både varmt, og meir brennande enn ein viss stad. Nok ein gong er vi heldigstilte. Hausten er i kjømda. Grågåsa vender nebbet sydover og flyg i plogformasjon. Eit sikkert teikn, om enn litt tidleg,  medan svalene fortsatt set på strengen og gruer for den lange ferda. For meg er sommaren ikkje heilt over enno. Den skal vonleg forlengast ei stund til på sørlege breiddegrader. God haust!!

 

Χήνες και χελιδóνια / chines kai chelidonia = gjess og svaler


 


Ingen kommentarer: