lørdag 24. april 2021

HUMLER OG BIER

Kom inn ei brumlande humle gjennom mitt halvopne soveromsglas og vekte meg. Ho brumla ei stund og vart still. Då eg stod opp, såg eg ho klamra seg til karmen halvdaud av kulde. Fyrstehjelp måtte til. Kunne ikkje la stakars nyttekreket daude. Bar henne inn til ei blomstrande potteplante. La endå til ein bit av eit bananskal attåt. Hadde høyrt at det  var nammis til slike hungrande nytteinsekt. Nei, det freista ikkje. Ho kvikna heldigvis til etterkvart og gjekk rasande på glasruta og skulle ut. Ikkje ville ho avbildast heller. Prøvde å hjelpe til, då stakk ho meg som takk. Eg duppa fingeren i eddik og værste lidinga gav seg. Omsider rota ho seg bort i eit vindu som let seg opne og fauk lukkeleg ut i det fri mot sola som viste seg i to minutt før snøkaven kom veltande att. Lukke på reisa!! Humler og bier skal ein ivareta med hotellrom og freistande blomar. Eg prøvde iallfall å hjelpe so godt eg kunne.

(Copyright/rettar Svanaug Steinnes/Norsk Barneblad)

Μπουμπουρες και μελισσες/ Boboures ke melisses = humler og bier

 

 

Ingen kommentarer: