fredag 23. april 2021

VIRUSET

Smitte her og smitte der. Mutante og villfarne virus. Det vil ingen ende ta. Snart umulig å orientere seg i virusjungelen. Munnbind, hanskar, og sprit er eit must. Bomullspinnar i nasen mest langt inni hjernen og langt nedi svelget. Kva må ein ikkje gjennomgå for å unngå styggedomen. Alle er skeptiske og livredde. Vi skuler skeptiske på kvarandre og unngår for all del nærkontakt. Vel,vel, noko skal ein likevel daude av, seier dei tøffaste, inntil dei blir råka, då let dei seg intervjue i media med store krigstyper. Vaksine er den store helbredar, iallfall i dei rikaste landa. Dei fattigaste held vi oss vekk ifrå uansett. Ingenting å hente der, berre olje, diamantar, gull og andre goder som velferdsland «treng». Om nokon daudar, so pytt,pytt… nokre fråfall både her og der må alltids reknast med. Verda er uansett overbefolka, mest av skitne, fatige sløve individ, tenkjer eliten. Vaksine eller ei, samfunna vil bli endra, vonleg til det betre, meir rettvis, medmenneskeleg og fredfylt verd.

 Ιός/ios = virus

 

Ingen kommentarer: