søndag 21. februar 2021

KVITT OG GRØNT


Jauvisst er det vakkert med kvit vinter. Alt dette vakre og lyse. Stjerneklar himmel som speglar millionvis av snøkrystallar nattestid og solskinet på dagen. Vintrane er vakre her nord. Vi gler oss alle over synet, ikkje minst dei ski- og akeglade. Men brått, mest over natta blei alt borte. Slik er det her i dette landet, eller iallfall i denne landsdelen. Vi som har stolpra oss fram på gletta både med og utan piggar, ramla, og tilmed brote nokre bein, gler oss over veromslaget. Sjå lyspunkta, ver positiv, hamrar nokre evig optimistiske og  livsglade. Ein får dårleg samvet, vil ikkje dele vonde tankar, men prøvar å sjå dei små teikna. Snøklokkene som tittar fram mellom snødyngene, droplinga frå  takrennene og tillet oss å drøyme om varme, sydlege sandstrender, ein stjernestrødd himmel, lyttandes til sikadene, uglene og sus frå palmene og oliventrea. Gløymde er ulltrøyene og stillongsane, for no går det mot lysare, vonleg varmare dagar, og at dette hersens viruset skal forsvinne.  Vert ein sytandes nordboar nøgd nokon gong?

Άσπρο και  πράσινο/aspro kai prassino = kvitt og grønt


Ingen kommentarer: