Året har gitt meg mykje glede og litt vanskar. Er takksam for å ha vore frisk og styrt unna dette ekle viruset som har øydelagt mykje for mange. Andre har takla krisa positivt utfordrande. Over 2 mndr. var eg på Kypros og Kreta. På Kreta reiste eg til Hania, Plakias og Loutro. Fine solrike dagar som eg vonar å oppleve neste år også. Mest alle ventar på «vidundervaksina». Eg skal ikkje ha den. Men vert det påbudt i enkelte land, t.d. Hellas, står eg overfor eit gedigent dilemma. Uansett biverknadar so skal eg likevel nedleggast snart, men dei unge er utsette … Eg tenkjer også mykje på Moria-borna og dei som stiller opp der kvar dag. (https://homeforall.eu/ Fantastiske menneske. Vil so gjerne hjelpe av fleire grunnar. Måtte alle born få det godt og sleppe oppleve vonde ting i komande år. «Ta vare på kvarandre», har vorte ein floskel, særleg frå politisk hald. Lett å seie, lett å skrive, men ikkje lett å verkeleggjere. Eg tenkjer også på ting som skulle vore gjort annleis, og at neste år vonar eg at det blir annleis. Komande år vert spanande og gledeleg, med auke i familien. Slekters gang…Godt, fredeleg og helsesamt nytt år 2021, til dykk alle. Velkomen nyår og takk for det gamle!
ΤΕΛΕΥΤΑΙΑ
ΜΕΡΑ/ΤΕLEFTEA MERA = siste kvelden

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar