..på denne
tida sat svarttrosten i høgste grantoppen og jubla inn våren. Vakkert. Eg sat
og planla reisa til Kypros og Kreta. Bestilte billettar, fylte ut vanskelege skjema og tok covid-testen. Eg gledde meg. Etter ei lang og kronglete reise via
København, med forseinking, mykje kontroll m.m, landa eg omsider i Larnaka i
03-04- tida. Varmt og fint. Sol og bading i 2 veker. Eg kosa meg her før eg
drog vidare til Kreta til min 2. heim. Nye skjema og kontrollar. Velkoma hit
som alltid av gode grannar og familie. Mest kvar dag fekk eg alt eg trong av
mat på døra. Velsigna menneske. Varmt var det her også, men godt å vere her i 2
mndr., før eg måtte heim. Eigentleg ville eg ikkje heim, men hadde eit ansvar der også. Og eg sakna huset mitt, katten, blomstrane mine og andre ting, dessutan var
svigerdotter mi gravid.
I år hadde eg tenkt å reise nedover att i mai, oppleve vårblomstringa, solskinet, morgonkaffien på balkongen, fuglesongen, bjelleklangen, hanegalet, duftene og alle lydane som finnst i ein kretisk landsby. Slik vert det ikkje. Aldri hadde eg trudd eg skulle lengte slik attende. Tida eg budde der baud på mange og store problem, men fantastiske opplevingar også. Minna kjem opp og eg kjenner meg utruleg heldig som har røter i 2 ulike, men flotte land.
Πέρυσι/perisi = ifjor

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar