mandag 21. desember 2020

STJERNA

 

I seine nattetimar når eg ikkje får sove og tankane går i ring kring fortid, notid og framtid, glaner eg mot himmelen, prøvar finne svar på tankar og vanskar. Karlsvogna heng klart over hustaket mitt. Trestjerna står der som eit struttande skjortebryst. Månen er ny og veksande. Nokre stjerneskot fyk fort avgårde over himmelkvelven. Eg rekk ikkje ynskje meg  noko, før dei er vekke. Bethlehemsstjerna skal vise seg i natt, for dei som har klar sikt. Det er 800 år sidan sist. Kan det vere eit teikn på noko som vi skal leite etter?

 

Αστέρι της Βηθλεέμ/asteri tis Vithleem =

Bethlemsstjerna 

Ingen kommentarer: