Kjekt å skvaldre med gode veninner innimellom. Ein treffest ikkje so ofte, men gamalt godt venskap held, og det set eg stor pris på. Ein mimrar frå ungdomstida, og ting kjem opp som har blitt gløymd av den eine eller den andre, og vi får får oss ein god lått. Som den gongen vi kom for seint til timen på yrkesskulen i Drammen. Ein streng lærar ville vite årsaka. Eg: «det var so glatt»!! «Og du? Veninna mi svarar med uskuldsblått blikk: «Jeg?...Nei jeg gikk sammen med Anne, jeg». Meir blei ikkje sagt. Teiknetimen hadde allereie begynt. Mykje moro dette året, og seinare. Venskapet har heldt fram til denne dag. Vi gler oss over born og borneborn, men styrer unna prat om helsesvekkelse og plager. For vi er ikkje gamle, berre litt eldre. Gode venskap, der kjemien stemmer, er gull verdt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar