fredag 6. november 2020

ISOLASJON

So set eg her og glaner ut igjennom kjøkenglaset. Ser på trea der eitt og fleire gule blad fell til jorda eller fyk vekk med vinden. Alt skal til jord forbli.. (Fritt frå Moseboka) Eg grublar og minnest. Mor mi sat også sikkert slik. Åleine i over 20 år som enke. Ho klaga sjeldan. Ymta litt innimellom om at vi borna var so langt vekke. Ho hadde so mykje bær og kunne gitt oss både sylte og saft. Eg skjøna det ikkje då, blei irritert. Hadde meir enn nok med eiga familie og småborn. No set eg her sjølv, med ein full frysar av bær som ingen vil ha. Kjøpebrus og sylte er tingen, visstnok. Eg skjønar no til fulle einsemda ho måtte ha følt.

Styresmaktene har påbode at einslege ikkje skal ha kontakt med fleire enn 2-3 personar. Ingen fare her. Eg bur uti øydemarka, har både telefon og PC, og so får eg kose meg med katten. Men nei, nokon meinte at dyr også er smitteberarar. Skal eg also kverke pusen min fordi han kan vere ein potensiell smitteberar? Nei, der går mi grense.

Måtte det bli ei anna tid etterkvart, der vi lærer oss å ta vare på, nyte og bruke, ikkje misbruke, jorda si rike grøde.

 

Μόνωση/monosi = isolasjon, einsemd

 

 

 

Ingen kommentarer: