Berre lokale kjendtfolk på tavernaen denne onsdagskvelden. God avstand mellom borda. Ein held då nokre reglar i desse tider. Samtalen går likevel. Politiske og andre verdsproblem blir løyste glatt og lett. Sjukdom og ymse kroppslege plager får utlaup og noko sympati. Må rekne med litt av kvart i alderdomen. Drue- og olivenavlinga vert diskutert. Ein skjønar ikkje kvifor tomatvekstane har slått feil. Ein annan skryt av bønneplantene som visstnok har sprengt alle veksegrenser. Favorittmaten til den enkelte vert også omtala. Dei fleste vil ha kjøt. Sviktande turisme er ei krise, og Coronaen blir forbanna nord og ned. Alle er samde om at det er ei fæl tid. Irritasjon over pubertetsgutar som reser fram og attende på moped på kveldstid, er eit anna tema. -Slik var det ikkje i min ungdom, då sjekka vi jenter på sykkel, tilstår ein. – Anna tid no, svarast det. Sant! Moriaproblema kjem også opp. Alle er samde. Forfærdeleg folk, desse flyktningane. Eg prøvar med ein motreplikk, men vert totalt overhøyrd, og gir opp. Trist å høyre på, men eg tenkjer at kva kan forventast av folk med knapp skulegong og som aldri har vore utanfor komfortsona si? Vi drikk vin, kaffi eller raki, og spanderar på kvarandre. Meze høyrer også med. Mykje spøk og lått. Innehavar dreg gjerne fram laoutoen og klimprar ein låt. Kretisk musikk er populært (berre ikkje for meg, med nokre fåe unntak). Det gode og sosiale liv i ein liten landsby, er i høgste grad tilstades her.
Ταβερνα/taverna = taverna
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar