søndag 11. oktober 2020

KLAR FOR HAUST

Jau, eg er klar for hausten no, etter fleire varme og solrike dagar der sør. No tek lystida til. Stearinlys- og fyringstid. Ingenting som god vedfyring når vinden ular kring nova og regnet piskar mot glasruta. Gode bøker, kryssord, strikk m.m. høyrer også med. So nyt vi dette fantastiske fargespekteret som oktober gir oss. Hittil har dagane vore utruleg flotte, og vi har vore nokonlunde sparde for alt dette våte som har strøymt rikeleg frå oven forut. Skuggane vert lengre. Sola lavare, når den klarer trenge gjennom eit tungt grått skylag. På klare kveldar dansar Aurora på himmelen. Karlsvogna og alle dei andre stjernene, og månen som går i ny og ne. Slik er det her: kontrastfylt.  « Take it or leave it.» Minner frå solrike og gode opplevingar, og von om nye,  må ein framkalle, når kveldar og morgonar er på sitt mørkaste. Årstidene har sin sjarm, eigentleg.

 

Φθινόπωρο/ftinoporo = haust

 


 

Ingen kommentarer: