onsdag 30. september 2020

KLEM ELLER EI


Eg er vel attende frå «maskeland». Coronna-test er teken og synte negativt resultat. Det visste/følte eg. Kjenner kroppen min sopass, ja. Rart å kome heim til eit maskelaust land. Samstundes les ein om raude soner fleire stadar. Kvifor ikkje ta fleire restriksjonar? Det hylast om utanlandsreisande og store menneskemengder som fører til eit auka smittetal. Kvifor ikkje gjere noko då? Mumling i regjeringa og store bokstavar i media som iallfall syrgjer for å skræme opp folk. Der eg var klemde eg mine nærmaste. I landsbyen vart eg også klemd. Dette Corona-styret er berre tull, sa dei. Det kjentes godt å vere i ei slik uhøgtidleg sone.

 Μάσκα/maska = maske 

Ingen kommentarer: