onsdag 9. september 2020

LOUTRO

 

Kvitkalka hus med knallblå gluggar kleistra fast frå sjøen til langt oppi fjellsida. Slik kjenner vi den vesle vekkgøymde fiskarlandsbyen som blei Kreta si kanskje mest kjende turistperle. Her herskar lutter fred og ro. Ein einaste bilfri veg, elles er det trapper til dei fleste husa. Tavernaene ligg vegg i vegg med barar, kles- og souvenirbutikkar, nokre minimarked og ei drøss med utleigerom. Minibank (som eg sakna) og apotek, finnst ikkje. Vatnet kan ikkje bli reinare, småbåtane duppar ved sjøkanten. Speglar seg heilt nedi botnen. Mange er til utleige. Strendene består av små og større rundslipte steinar. Badesko er naudsynt. Bakom rugar dei ville Sfakia-fjella og innbyr til enkle eller tøffe gåturar for den glade vandrar i ein røff natur. Sfakia-området er noko for seg sjølv. Innbyggjarane her har eit rykte på øya: dei tøffaste, men kanskje dei mest gjestmilde, og du kan få ein ven for livet eller ein livsvarig uven. For ein tirrar ikkje ein Sfakianos. Revolvarane heng laust i beltet. Vegskilta er tydelege varselsteikn. Om Erdogan kjem hit vil han møte hard og kraftig motstand, slik tyskerane gjorde og andre før dei. Kreta er verken til salgs eller til erobring.

Sfakiá (GreekΣφακιά) is a mountainous area in the southwestern part of the island of Crete, in the Chania regional unit. It is considered to be one of the few places in Greece that have never been fully occupied by foreign powers. (Wikipedia)

Ενα χωριο/ena xorio = ein landsby

 






 

Ingen kommentarer: